
Band: Beggars Opera
Albumtittel: Waters of Change
Spilletid: 42:14
År: 1971
Selskap: Vertigo
Waters of Change er det andre albumet til den skotske gruppa Beggars Opera. Albumet kom ut orginalt i 1971, men det kom og ein remaster av albumet for nokre år siden i begrensa opplag (Min research sier 2006 av Repertoire) , og det er den versjonen eg har brukt når eg har høyrd på albumet.
Sporliste:
1. Time Machine
2. Lament
3. I've No Idea
4. Nimbus
5. Festival
6. Silver Peacock (Intro)
7. Silver Peacock
8. Impromptu
9. The Fox
Albumet opner bra med låten Time Machine før den går over i låten Lament som egentlig er fyllmateriale på nokre minutter. I've No Idea som fylgjer etter er bra saker før ein får enda låt som er fyllmateriale, bare at Nimbus er på 3,5 minutter med intetsigende musikk. Så fylgjer låten Festival som er enkel og lystig, men gjennomgangstemaet minner meg litt om låten È festa (Celebration på engelske versjonen av låta) av Premiata Forneria Marconi, dette er nok bare ein tilfeldigheit, pluss at albumet Storia un di Minuto som È festa var på kom ut året etter Waters of Change, uansett er dette det svakaste sporet av dei låtene med vokal som ikkje er fyllmateriale.
Så kjem ei verkeleg oppbygging her til låten Silver Peacock med ein intro før låten. Denne introen tilfører ikkje låten noko særleg og er nok ein gong 30 sekunder med utfyllingstid. Før ein får hovudlåten som er bra, tøff og mandig. Impromptu? Filler. Albumet avsluttes så med The Fox som er nok ein god låt, og ein god låt og avslutte albumet med.
Så, om ein skal høyre dette albumet trenger ein egentlig bare å høyre sporene som er oddetall og gjeve faen i partallsporene. Men oddetallsporene er verkeleg gode, med untak av Festival som og er eit bra spor, men ikkje like bra som resten. Så albumet er eit bra album, men eg anbefaler albumet som kom etter Waters of Change, nemleg Pathfinder.
