torsdag 20. mai 2010

Gentle Giant - Three Friends

Band: Gentle Giant
Album: Three Friends
Spilletid: 35:19
År: 1972
Selskap: Vertigo

Gentle Giant var eit band som vart oppretta i 1969. Det utvikla seg til å bli eit kultband siden dei hadde meire fokus på å utforske mogleikane innafor musikksjangeren og rocken på den tida i steden for å bli berømte. Alle medlemmene i bandet (unntatt dei to fyrste trommisene dei hadde) kunne traktere fleire instrument. Og ein merker det med att albumene deiras er ganske komplekse. Til og med for prog-rock å være.

Albumet Three Friends var det tredje albumet som Gentle Giant gav ut. Og deiras fyrste konseptalbum. Albumet fylgjer da tre venner som etter skulen veks frå kvarandre og den eine ender opp med å bli veigarbeider, den andre ein kunstner og den tredje ein tjenestemann. Dei mister da kontakten med kvarandre.

Sporliste:
1: Prologue
2: Schooldays
3: Working All Day
4: Peel the Paint
5: Mister Class and Quality?
6: Three Friends

Albumet starter da med Prologue som forklarer premisset til albumet. Vokalene henger fint i harmoni i fin Gentle Giant-stil. Og låten som varer som varer i litt over 6 minutter, noko som virker til å være gjennomsnittet på dette albumet. Låten held ein klar fokus gjennom alle minuttene sjølv om den likevell klarer å variere på temaet den held gjennom låten.

Schooldays som da openbart handler om skuledagene til vennene er da neste spor. Dette er på rundt 7 og eit halvt minutt og er med det den lengste låten på albumet. Og viser klassisk Gentle Giant-stil med vokalgjennomføringa som bruker to vokaler der eine fungerer som ekko for det andre. Låten er lett og lystig, men likevell ganske tung. Låten skifter så struktur rundt 3 minutter ute i låten og blir med det mykje mørkare sjølv om den bruker samme instrumentene som før. Pianoet er ganske framtredendes gjennom heile låta, men blir hovudinstrument på denne delen av låten. Med eit halvannet minutt at av låten skifter den struktur at og ein får ein xylofonsolo som varer i eit halvminutt. Før den går tilbake til det fyrste temaet og avslutter med det.

Working All Day handler da om han som vart veigarbeider og er ein ganske tung låt som virker ganske mykje som ein arbeidssang på måten den blir presentert. Noko som sikkert er meininga og. Låten skifter litt av strukturen rundt 1:40 ut i låten. Og går med det over til eit instrumentalparti, der ein får ein solo på eit hammondorgel. Som er ganske god, sjølv om den ikkje passer heilt med kompet. Med eit minutt at av låten skifter den tilbake til arbeidersangen. Og avslutter så med det.

Peel the Paint, som da handler om kunstnerern, starter lett om måling. Før den får nokre korte strykerpartier før den går tilsynelatendes går over til låten at for ei lita stund før den blir mykje tyngre i utrykket etter andre strykerpartiet. Og med det starter låta for fullt. Og det er da låta blir bra. Trur nesten det er favorittlåta mi på dette albumet. Låta har og ein awesome gitarsolo som kjem etter litt over fire minutter ut i låta. Og med 45 sekunder kjem den tilbake til hovudtemaet som den avslutter låta med.

Mister Class and Quality? er den neste låta og med sine 3 minutter og 23 sekunder den korteste låten på albumet. Den starter med eit tema før den skifter etter rundt 40 sekunder, og da begynner låta å bli catchy. Men den er ganske kort, likevell klarer dei å få inn nokre meire eksprimentelle partier inn i låta. Nok ei god låt på dette albumet. Noko resten av låtene og er så.

Mister Class and Quality? går så rett over i Three Friends som er siste låt på albumet. Den fortsetter da temaet som Mister Class and Quality? føyrde, bare med nokre awesome gitarsoloer slengt på. Den er ganske lik som Mister Class and Quality? noko som kjem av at min CDutgåve har splitta opp låtene feil. OPS.

Three Friends kjem egentlig da 2 minutter uti Three Friends. Og den har da hammondorgelet eller noko liknande som i fokus sammen med gitarspillinga som er hovudelen i kompet. Grunnet feilkuttinga blir Three Friends da egentlig den kortaste låten.

Om ein ser bort i frå feilen på min CDutgåve, (som er ein vinylkopi produsert av Repertoire forøvrig) så dette kanskje mitt favorittalbum frå Gentle Giant. Det er kanskje ikkje like eksperimentelt som dei andre albumene, men det fører bare til at det er enklare for nye lyttere å komme inn i musikken. Three Friends var det fyrste albumet av Gentle Giant som vart lansert i USA. Og det er ein ganske god introduksjon til bandet.

lørdag 1. mai 2010

Caravan - In the Land of Grey and Pink

Eg er lat og bare kopierer inn ei tidlegare anmelding av eit album eg gjorde ein gong. Er snakk om tredjealbumet til Canterburybandet Caravan

Band: Caravan
Album: In the Land of Grey and Pink
Sjanger: Progressiv Rock
År: 1971
Selskap: Decca/Deram/Universal


Låtliste:
1. Golf Girl
2. Winter Wine
3. Love To Love You (And Tonight Pigs Will Fly)
4. In The Land Of Grey & Pink
5. Nine Feet Underground (denne har 8 parter som eg ikkje gidder å liste opp)
Bonuslåter som er med på min versjon
6. I Don't Know Its Name (Alias The Word)
7. Aristocracy
8. It's Likely To Have A Name Next Week (Winter Wine instrumental)
9. Group Girl (Fyrste Versjon av Golf Girl med anna tekst)
10. Dissassociation/100% Proof (Ny Mix)


Dette er Caravans tredje album og i mi meining det beste. Iallefall det som er mest koselig å høyre på. Musikken likner på Camel for dei som er kjent med det og bandet var ein del av Canterburyscena, men nok om det.
Albumet starter bra med Golf Girl som er er ein låt med enkelt komp og ei enkelt tekst. Låten avsluttes med ei pen fløytesolo og er ei låt ein lett kan hugse.
Andre låt er og ganske solid. Starter enkelt med kun gitarkomp og pen tekst. Etter ca 50 sekunder slår resten av bandet til og låten får si prakt der den holder på i underkant av åtter minutter. Den har ein halvannet minutt med keyboardsolo etter rundt 4.20minutter. Men resten av bandet briljerer og. Så kjem vokalen inn etter rundt 6 minutter og låten går mot slutten
Tredjelåten, er litt meire klassisk. Enkelt komp og typisk pen vokal. Tungekrøllrefreng følger sjølvsagt med (ikkje så rart når låten heiter Love To Love You). Fløytesolo mot slutten her og.
Tittelsporet. er og pent. Pene tekster. Pent komp. Kanskje den beste av kortlåtene på albumet. Vakkert pianospel som kjem inn etter rundt 2 minutter har den og. Piano, ikkje keyboard med litt irritabel lyd som I Winter Wine. Men oisann, der kom det inn og etter rundt 3 minutter og tre sekunder. Men eg syns det er litt for kjapp overgang til slutten.

Også, langlåten. Starter med delen Nigel Blows a Tune som er rein instrumental med keyboard i front. Før vi seinare får noko som likner på blåseinstrument. Sikkert det som skal være Nigel Etter 5:45 trur eg den går over til delen Love’s A Friend. (Eg hater når det ikkje står når kva for part starter og slutter) Men her blir låten meire rocka og teksta kjem inn. Etter det må Make it 76 komme inn på 9.10. Eller så er det Dance of The Seven Paper Hankies. (eg trur eg gjev opp på dette med partene. Men der er det nytt stilskifte. Så det virker logisk. På Rundt 10:50 skifter det stil at. Dette må være Dance of The Seven Paper Hankies da. No vart det meire “space” liksom før ein eksplosjonslyd kjem inn og det skifer at på rundt 12:05. Så det kan vell være Hold Grandad by the Nose som kjem inn. Keyboardet er nok ein gong I fokus, her med ein solo. Nytt stilskifte på rndt 14: 20. (Dette må vell da være Honest I Did) Her og med Keyboard I front. Men trommene er og fantastiske. På 16:15 kjem sangen inn at så dette må være Disassociation. Ein roleg del som går over til gitarsolo. Og på 19:30 på 100% Proff starte. Np blir låten tung at med gitaren som drar ein tøfft riff. Også går dette over til ein kort keyboardsolo før riffet kjem tilbake. Og dette skifter de på. Riff og keyboardsolo til slutten. Digg. Eller de velger å avslutte det heile ganske psykedelisk. Og eg trur eg hadde rett I kvar partene er og sånt. Hurra.

Så no er det bonuslåtenes tur.

I Don't Know Its Name er ein grei låt, men blir jo sjølvsagt ein liten nedtur etter knallavsluttninga til Nine Feet Underground visst ein høyrer gjennom dette i ein omgang som eg gjer no. Og her har dei slengt på enda ein keyboardsolo. Noko som dei elsker. DROPP GITARSOLOENE GÅ KEYBOARD LIKS. Men når teksta kjem inn at etter 3 minutter så har eg gått lei av låten egentleg. Ikkje rart dei droppa denne låten. Den har og saksofonsolo da. For dei som liker det. Men låten klarer faktisk å redde seg I slutten fordi dei har eit stilskifte. Men dette burde ha kommet etter tre minutter. Det kjem akkuratt for seint inn.
Så er det Aristocracy. Denne virker bettre. Men eg er ikkje heilt komfortabel med vokalen her. Eg syns den er litt for lys. Men ellers ei grei låt. Men eg kan forstå at heller ikkje denne kom, inn på albumet I 1971. Haha, nei jøss her avslutter dei visst med gitar og ikkje keyboard. HURRA.
Så kjem ein instrumentalversjon av Winter Wine. Meir eller han nynner her og der. Meire gidder eg ikkje å skrive om denne. Er nokre forskjeller her og der da sjølvsagt. Men ellers ganske lik. Bare uten tekst. Og at låten liksom ikkje starter før 1:15.
Så er det Group Girl som er Golf Girl med litt anna tekst og litt anna komp. Meire gidder eg ikkje å skrive.
Så kjem dei to siste delene av Nine Feet Underground i ein annleis mix. Og når eg høyrer den har eg nok tatt litt feil i partene før. Faen også. Jaja.

Alt i alt er dette eit fantastisk album. Men bonuslåtene henger ikkje heilt med dessverre.

torsdag 25. februar 2010

Beggars Opera - Waters of Change

Band: Beggars Opera
Albumtittel: Waters of Change
Spilletid: 42:14
År: 1971
Selskap: Vertigo


Waters of Change er det andre albumet til den skotske gruppa Beggars Opera. Albumet kom ut orginalt i 1971, men det kom og ein remaster av albumet for nokre år siden i begrensa opplag (Min research sier 2006 av Repertoire) , og det er den versjonen eg har brukt når eg har høyrd på albumet.

Sporliste:
1. Time Machine
2. Lament
3. I've No Idea
4. Nimbus
5. Festival
6. Silver Peacock (Intro)
7. Silver Peacock
8. Impromptu
9. The Fox

Albumet opner bra med låten Time Machine før den går over i låten Lament som egentlig er fyllmateriale på nokre minutter. I've No Idea som fylgjer etter er bra saker før ein får enda låt som er fyllmateriale, bare at Nimbus er på 3,5 minutter med intetsigende musikk. Så fylgjer låten Festival som er enkel og lystig, men gjennomgangstemaet minner meg litt om låten È festa (Celebration på engelske versjonen av låta) av Premiata Forneria Marconi, dette er nok bare ein tilfeldigheit, pluss at albumet Storia un di Minuto som È festa var på kom ut året etter Waters of Change, uansett er dette det svakaste sporet av dei låtene med vokal som ikkje er fyllmateriale.

Så kjem ei verkeleg oppbygging her til låten Silver Peacock med ein intro før låten. Denne introen tilfører ikkje låten noko særleg og er nok ein gong 30 sekunder med utfyllingstid. Før ein får hovudlåten som er bra, tøff og mandig. Impromptu? Filler. Albumet avsluttes så med The Fox som er nok ein god låt, og ein god låt og avslutte albumet med.

Så, om ein skal høyre dette albumet trenger ein egentlig bare å høyre sporene som er oddetall og gjeve faen i partallsporene. Men oddetallsporene er verkeleg gode, med untak av Festival som og er eit bra spor, men ikkje like bra som resten. Så albumet er eit bra album, men eg anbefaler albumet som kom etter Waters of Change, nemleg Pathfinder.

Morn

Denne bloggen skal handle om... Progressiv rock, og med for det meste anmeldelser av forskjellige album i denne sub-sjangeren av rock. Og liknande sjangrer. OK?

Jaja, denne bloggen drives da av meg Ola Bismo som er 17 år gamal og frå Kongeriket Noreg. Oppdaga da progrocken for nokre år sida har da hatt ei aukandes platesamling frå den dagen.

Så med det så håper eg atdu vil følgje denne bloggen om du er interessert i progrock og liknande og vil lære litt meire om sjangeren og nokre band.

Det bør forøvrig nemnes at bloggen her er ei skuleoppgåve og det kan med det hende at den blir inaktiv etter ei stund.